søndag 29. desember 2013

Silhuett i ny drakt til inspirasjon





Her er er to brikker som havna under et juletre i år :)

Eg har tatt utgangspunkt i putene fra mønsteret "Silhuett" og tilpassa sidestykkene til ønska størrelse.
Eg liker godt graderte stoff, (stoff som gradvis skifter fargetoner), synst det gir ekstra liv til motivene. Her har eg brukt slike stoff fra Pine Needles, sammen med et par restestoff eg hadde liggande.


mandag 9. desember 2013

Engler i snøen...

Et knippe putar eg har jobba med siste vekene



Eg har fått spørsmål om å sy desse putane etter mønsteret "Engletid", og har sydd i forskjellige fargevarianter. Desse skal få nye heimar, men tenkte eg skulle legga ut bilde først, så kan dei kanskje gje litt  inspirasjon og ideear.


......har sin egen sang....
(måtte ta den teksten med også, synst den passa så godt her :) )
Raud og gull til jul.. små puter


Grått og sølv, store puter


Duken var ikkje med i mønsteret, men det ligg ei lita skisse over målene under sida "ekstra tips og ideer...", i tilfelle det er nokon som har lyst å sy denne også.


tirsdag 29. oktober 2013

"Engletid"


Mønsteret består av 2 forskjellige englemotiver.

Putene er sydd i enkel lappeteknikk, applikasjon med knapphullssting, og enkelte detaljer er brodert for hånd. Du får mønster til 2 putestørrelser. (Du kan velge om du vil sy på ansiktstrekk)

Til dekkebrikkene er englene brukt som stitcherymotiv.






OBS OBS OBS

Det hadde desverre snike seg inn ein feil i dei første mønstrene eg sendte ut, med feil på et par mål.
Dei fleste har vel kanskje funne ut av det på egen hånd, men eg beklager feilen!
Korrigering med riktige mål finn du under "Ekstra tips og ideer om mønstrene". 

onsdag 16. oktober 2013

"Engletid"

Dekkebrikker med stitchery-engler
Nytt mønster er på trappene, og blir sendt ut før helga.

Her er et par bilder :)










Liten pute, 40cm x 60cm

Puter i to størrelser, desse er 50cm x  70cm





fredag 27. september 2013

Et lite livstegn og oppdatering :)

No er det visst leeenge sidan det har vore noko aktivitet her på bloggen min.

Har vore opptatt med vedlikehold og rehabilitering av hus og heim sidan sist, og driv med innspurten no,(for i år...) før hauststormane sett inn.

Men no er eg også igang med nye mønster, så om ikkje så veldig lenge blir det forhåpentligvis litt nytt her :-) Det blir mønstre med jul og advent som tema - og litt haust.


I mellomtida kan de jo kikka på nokre bilder eg har fått frå Haram Quiltelag.
For litt tid sidan fekk eg et knippe bilder av ting dei hadde sydd etter mine mønster (Hortensia og 4 høstmotiv).  Veldig kjekt å sjå andre sine variantar av det eg har laga :-)



Kvadratisk duk, som i mønsteret.


Ein del av mønsteret har blitt til
ei brikke. Legg merke til bie-stoffet bak blomsten :-)


Litt større del har blitt løper
 

 
4 høstmotiv frå Haram :-)
Detalj frå brikkene. Perfekt utnyttelse av et stoff med prikker!



tirsdag 5. mars 2013

Nytt mønster "Babyhøns og gåsunger"



Det nye mønsteret er sendt ut :)
Det består av løper og dekkebrikker med applikasjoner.



Her er dekkebrikkene - 2 størrelser


søndag 24. februar 2013

Sol, hund og syrom, blant anna..

Frå syrommet/kontoret mitt har eg fått satt inn balkongdør som går rett ut i hagen vår, og i dag skein sola så fint, at eg måtte opna opp og lata som om det var sommar. Når vårvarmen kjem skal eg nemlig det, sitta i døropningen og jobba eller trekka sybordet over dørstokken til terrassen (som eg ikkje har lagd enda...) og sitja der og kosa meg med stoff og symaskin og frisk luft og solskinn :)

Det var visst ikkje helt sommar endå... Så no er eg litt forfrossen på fingrane, og måtte finna varmeflaska og ha i fanget. Eg har lagd modeller til nytt mønster (påskemønster), og no er det bare litt skrivearbeid igjen. Det kjem bilder og info om ein dag eller to, tenkjer eg.

(Eg har visst lova fleire bilder av hjertebokse-modeller også, så fotografen må visst henga i... )

I tillegg til symaskina, er Binna min gode følgesvenn, så ho må få vera med og pryda bloggen min i dag.