Om meg

Eg er ei håndarbeidsglad jente frå Nordhordland,1966-modell.
 

Som 5-åring, då storebror skulle avgåde på sin første skuledag, og ikkje eg kunne vera med, så sette eg meg ned og hekla min første gryteklut. Den var i orange og rødt sokkegarn, og ikkje akkurat bein i kantane, men den hadde fast plass ved grytene til mamma i mange år.

Sidan har eg prøvd veldig mange forskjellige håndarbeidsteknikkar - har hekla og strikka mykje, men eg har også forsøkt meg på nuppereller, gimping, mange broderiteknikker, dekormaling og porselensmaling, og no i det seinare også litt toving og nålefilting.

Eg vaks opp på landet, ei lita bygd som heiter Eknes, men vel passert 20 flytta eg til Bergen, budde og jobba der mange år - og treivst med det.

Men i 2006 var tida inne til å trekka mot landsbygda igjen, og ganske tilfeldig - men ikkje mindre vellykka - havna eg i ei lita bygd nord for Bergen. Her trivst eg godt, saman med min store hund, Binna.

Eg har lenge vore plaga med hundehår i maten, men i det seinare har det jammen også dukka opp sytråd der.

Det er et godt tegn!!  :-))))   

Mine kreative evner har dessverre ligge brakk i mange år på grunn av ME(utmattelsessyndrom), men har endeleg fått lov å koma fram i dagen igjen. I det seinare har det gjort seg utslag i mange timar med symaskinen. Då koser eg meg og gløymer tid og stad. Dei kreative loppene i blodet får utfolda seg når eg kan få stupa ned i stoffbunkane, og setta idear ut i live :)


Kvardagen min går litt i i rykk og napp og opp og ned, etter kva helsa bestemmer den dagen. På ein normal dag, har eg et visst antall timer til rådighet, vanligvis 3-4, der alle dagens gjeremål må bli gjort, før plutselig ein bølgedal er på veg inn og eg må finna sofaen og må lade batteriene. Men eg prøver å priorietera det som er positivt for meg, og då finn eg ofte vegen til symaskina. Kanskje blir det berre 10 min sying, før eg må tilbake til sofaen igjen, men då var det i alle fall 10 fine minutter!

Når eg ikkje syr, er eg ofte på tur i skog og mark med hunden min. Eg er glad i naturen, den får ofte ei rolle i mønstrene mine, spesielt sidan eg er glad i applikasjoner.

Eg er glad i å laga mine egne mønstre, og har fått utrulig mange positive tilbakemeldingar,  derfor kom ideen om også å lage møstre for andre. Derfor starta eg mitt eige vesle enkeltmannsforetak i våren 2011, og gav ut mitt første mønster "Blåveis", og har sidan gitt ut to mønstre til. For meg blir dette foreløpig ein hobby, sidan eg er ufør, men kanskje ein dag kjem energien tilbake... Det viktigaste er i alle fall å ha noko givande å holda på med undervegs...

- og vil derfor gjerne få takke alle kundane mine, som er med på å gjera det mulig :)


Ute på tur med min faste turkamerat, Binna.