søndag 24. februar 2013

Sol, hund og syrom, blant anna..

Frå syrommet/kontoret mitt har eg fått satt inn balkongdør som går rett ut i hagen vår, og i dag skein sola så fint, at eg måtte opna opp og lata som om det var sommar. Når vårvarmen kjem skal eg nemlig det, sitta i døropningen og jobba eller trekka sybordet over dørstokken til terrassen (som eg ikkje har lagd enda...) og sitja der og kosa meg med stoff og symaskin og frisk luft og solskinn :)

Det var visst ikkje helt sommar endå... Så no er eg litt forfrossen på fingrane, og måtte finna varmeflaska og ha i fanget. Eg har lagd modeller til nytt mønster (påskemønster), og no er det bare litt skrivearbeid igjen. Det kjem bilder og info om ein dag eller to, tenkjer eg.

(Eg har visst lova fleire bilder av hjertebokse-modeller også, så fotografen må visst henga i... )

I tillegg til symaskina, er Binna min gode følgesvenn, så ho må få vera med og pryda bloggen min i dag.