lørdag 18. april 2015

Nettbutikken er open!

Då kan eg endelig melda om at eg har opna nettbutikken for nedlastbare mønster (pdf).

Det var maaange inne med ein gong eg opna opp, så det blei litt kluss for dei første som kjøpte mønster. Beklager dette, og takker for tålmodigheten!

Men no ser alt ut til å fungere, og eg ønsker deg velkommen innom.
Send meg gjerne ein melding om du lurer på noko, så loser eg deg gjennom.

Butikken finn du her:

www.juditheknesdesign.no


Judith

onsdag 18. februar 2015

"Vinterroser"

Hei alle sammen!
Tenkte eg skulle stikka innom bloggen igjen med et lite livstegn.
Ting begynner å koma på plass her hjå meg, så no synst eg det var på tide med ein sniktitt på et av dei nye mønstrene som er på trappene.
Det går nok enda nokre dager før nettbutikken er heilt oppe og går, men den som venter på noko godt...... ;-)....
Enda to nye mønstre kjem når butikken åpner.
Eg har lova å feira åpning med trekning av stoffpakker, og mange fine
stoffpakker ligg no klare :)
Då dukker eg ned i stoff- og papirhaugane mine igjen ei lita stund til...
Snakkast :)

mandag 12. januar 2015

Oppdatering mellom stormane :)

Riktig godt nytt år!

Mat har det vore råd å fått ordna i peisen siste dagane,
men symaskin, strykejern og pc har det vore verre med... 
I dag har eg endeleg fått igjen både straum og vatn etter "Nina" sine herjinger, og ny storm har meldt sin ankomst.

Tenkte derfor eg skulle skriva ein kjapp oppdatering frå mine kantar, no mens teknikken fremdeles er oppe og går.

De som har kjøpt mønster i det siste, har fått litt informasjon om at eg jobber med å få i gang nettbutikk for nedlasting av mønster, og har kanskje vore innom bloggen og sett etter nyheter om den.

 ... eg jobber fremdeles...

Har hatt et mål om å koma i gang i slutten av januar, men ting tar no ofte litt lenger tid enn tenkt, så det er mulig det blir februar før alt er på plass. Eg stikk innom bloggen min med meir informasjon når det nærmar seg :)

Håper alle kjem seg velberga gjennom uværet som har begynt å herja igjen!

Judith :)