lørdag 18. april 2015

Nettbutikken er open!

Då kan eg endelig melda om at eg har opna nettbutikken for nedlastbare mønster (pdf).

Det var maaange inne med ein gong eg opna opp, så det blei litt kluss for dei første som kjøpte mønster. Beklager dette, og takker for tålmodigheten!

Men no ser alt ut til å fungere, og eg ønsker deg velkommen innom.
Send meg gjerne ein melding om du lurer på noko, så loser eg deg gjennom.

Butikken finn du her:

www.juditheknesdesign.no


Judith

onsdag 18. februar 2015

"Vinterroser"

Hei alle sammen!
Tenkte eg skulle stikka innom bloggen igjen med et lite livstegn.
Ting begynner å koma på plass her hjå meg, så no synst eg det var på tide med ein sniktitt på et av dei nye mønstrene som er på trappene.
Det går nok enda nokre dager før nettbutikken er heilt oppe og går, men den som venter på noko godt...... ;-)....
Enda to nye mønstre kjem når butikken åpner.
Eg har lova å feira åpning med trekning av stoffpakker, og mange fine
stoffpakker ligg no klare :)
Då dukker eg ned i stoff- og papirhaugane mine igjen ei lita stund til...
Snakkast :)

mandag 12. januar 2015

Oppdatering mellom stormane :)

Riktig godt nytt år!

Mat har det vore råd å fått ordna i peisen siste dagane,
men symaskin, strykejern og pc har det vore verre med... 
I dag har eg endeleg fått igjen både straum og vatn etter "Nina" sine herjinger, og ny storm har meldt sin ankomst.

Tenkte derfor eg skulle skriva ein kjapp oppdatering frå mine kantar, no mens teknikken fremdeles er oppe og går.

De som har kjøpt mønster i det siste, har fått litt informasjon om at eg jobber med å få i gang nettbutikk for nedlasting av mønster, og har kanskje vore innom bloggen og sett etter nyheter om den.

 ... eg jobber fremdeles...

Har hatt et mål om å koma i gang i slutten av januar, men ting tar no ofte litt lenger tid enn tenkt, så det er mulig det blir februar før alt er på plass. Eg stikk innom bloggen min med meir informasjon når det nærmar seg :)

Håper alle kjem seg velberga gjennom uværet som har begynt å herja igjen!

Judith :)



 

torsdag 9. oktober 2014

Nytt mønster "Nattsvermere"

Det har vore stille her inne på bloggen min ei stund no, men då er "Nattsvermere" klart for utsending, og mønsteret vil nok dukke opp i butikkane over helga :)

 

mandag 31. mars 2014

Nytt mønster "Utmed havet"

Då er mønsteret sendt ut  :)
Dette er den alternative modellen
- sydd i "vanlige" stoff



torsdag 27. mars 2014

"Utmed havet"


Eg veit mange har venta på dettte mønsteret, så eg tenkte eg skulle stikka innom her og sei at det er staks på trappene :)

Det blir nok utsending til butikkane i løpet av neste veke.

Fleire bilder kjem....

fredag 31. januar 2014

Inspirasjon til påske

Eg har fått ferdig et par ufoer (uferdige objekt :)
Dei blei ikkje klare til forrige påske, men no ligg eg jo godt an i år :)

Kanskje fleire blir inspirert...
Dette er altså et par av modellene frå mønsteret "Påskeegg".

søndag 29. desember 2013

Silhuett i ny drakt til inspirasjon





Her er er to brikker som havna under et juletre i år :)

Eg har tatt utgangspunkt i putene fra mønsteret "Silhuett" og tilpassa sidestykkene til ønska størrelse.
Eg liker godt graderte stoff, (stoff som gradvis skifter fargetoner), synst det gir ekstra liv til motivene. Her har eg brukt slike stoff fra Pine Needles, sammen med et par restestoff eg hadde liggande.


mandag 9. desember 2013

Engler i snøen...

Et knippe putar eg har jobba med siste vekene



Eg har fått spørsmål om å sy desse putane etter mønsteret "Engletid", og har sydd i forskjellige fargevarianter. Desse skal få nye heimar, men tenkte eg skulle legga ut bilde først, så kan dei kanskje gje litt  inspirasjon og ideear.


......har sin egen sang....
(måtte ta den teksten med også, synst den passa så godt her :) )
Raud og gull til jul.. små puter


Grått og sølv, store puter


Duken var ikkje med i mønsteret, men det ligg ei lita skisse over målene under sida "ekstra tips og ideer...", i tilfelle det er nokon som har lyst å sy denne også.


tirsdag 29. oktober 2013

"Engletid"


Mønsteret består av 2 forskjellige englemotiver.

Putene er sydd i enkel lappeteknikk, applikasjon med knapphullssting, og enkelte detaljer er brodert for hånd. Du får mønster til 2 putestørrelser. (Du kan velge om du vil sy på ansiktstrekk)

Til dekkebrikkene er englene brukt som stitcherymotiv.






OBS OBS OBS

Det hadde desverre snike seg inn ein feil i dei første mønstrene eg sendte ut, med feil på et par mål.
Dei fleste har vel kanskje funne ut av det på egen hånd, men eg beklager feilen!
Korrigering med riktige mål finn du under "Ekstra tips og ideer om mønstrene". 

onsdag 16. oktober 2013

"Engletid"

Dekkebrikker med stitchery-engler
Nytt mønster er på trappene, og blir sendt ut før helga.

Her er et par bilder :)










Liten pute, 40cm x 60cm

Puter i to størrelser, desse er 50cm x  70cm





fredag 27. september 2013

Et lite livstegn og oppdatering :)

No er det visst leeenge sidan det har vore noko aktivitet her på bloggen min.

Har vore opptatt med vedlikehold og rehabilitering av hus og heim sidan sist, og driv med innspurten no,(for i år...) før hauststormane sett inn.

Men no er eg også igang med nye mønster, så om ikkje så veldig lenge blir det forhåpentligvis litt nytt her :-) Det blir mønstre med jul og advent som tema - og litt haust.


I mellomtida kan de jo kikka på nokre bilder eg har fått frå Haram Quiltelag.
For litt tid sidan fekk eg et knippe bilder av ting dei hadde sydd etter mine mønster (Hortensia og 4 høstmotiv).  Veldig kjekt å sjå andre sine variantar av det eg har laga :-)



Kvadratisk duk, som i mønsteret.


Ein del av mønsteret har blitt til
ei brikke. Legg merke til bie-stoffet bak blomsten :-)


Litt større del har blitt løper
 

 
4 høstmotiv frå Haram :-)
Detalj frå brikkene. Perfekt utnyttelse av et stoff med prikker!



tirsdag 5. mars 2013

Nytt mønster "Babyhøns og gåsunger"



Det nye mønsteret er sendt ut :)
Det består av løper og dekkebrikker med applikasjoner.



Her er dekkebrikkene - 2 størrelser


søndag 24. februar 2013

Sol, hund og syrom, blant anna..

Frå syrommet/kontoret mitt har eg fått satt inn balkongdør som går rett ut i hagen vår, og i dag skein sola så fint, at eg måtte opna opp og lata som om det var sommar. Når vårvarmen kjem skal eg nemlig det, sitta i døropningen og jobba eller trekka sybordet over dørstokken til terrassen (som eg ikkje har lagd enda...) og sitja der og kosa meg med stoff og symaskin og frisk luft og solskinn :)

Det var visst ikkje helt sommar endå... Så no er eg litt forfrossen på fingrane, og måtte finna varmeflaska og ha i fanget. Eg har lagd modeller til nytt mønster (påskemønster), og no er det bare litt skrivearbeid igjen. Det kjem bilder og info om ein dag eller to, tenkjer eg.

(Eg har visst lova fleire bilder av hjertebokse-modeller også, så fotografen må visst henga i... )

I tillegg til symaskina, er Binna min gode følgesvenn, så ho må få vera med og pryda bloggen min i dag.

tirsdag 18. desember 2012

Julegåveboks

Eg har endelig fått jobba litt på julegåveverkstedet mitt :-)

Et par bokser som skal fylles med litt smågodt er klare. Dette er den små og mellomstore boksen fra det siste mønsteret mitt "Hjerter".

Ein sykveld til no, i siste liten, så blir det kanskje et par bilder til...

mandag 12. november 2012

Hjerter

Mønsteret med hjertebokser og fletta pyntehjerter er gått i trykken :-)



søndag 4. november 2012

Mens vi venter...

Det har gått litt trått på sy-sida i det siste - mange andre prosjekter som måtte i havn først.
Men eg veit det er ein del som venter på nytt mønster.....og det er på veg.
Litt tid før det er klart for utsending enno, men eg tenkte eg likevel skulle legga ut et lite stemningsbilde.
Her er et par av modellane som kjem i det nye mønsteret.Også denne gongen blir det et mønster med mange forskjellige varianter å velga mellom :-)

søndag 17. juni 2012

Nytt mønster "Hortensia"

Då har mønsteret fått navn, og er på veg ut i butikkane.

Det er brukt enkel lappeteknikk til delane. Applikasjonene er sydd med stoppefot - den største puten er det brukt knapphullssting.


mandag 11. juni 2012

Nytt mønster undervegs

Da er eg snart ferdig med et nytt mønster igjen.
Modellene skal vises på ei messe i morgen, og derfor legg eg også ut et foreløpig bilde her.
Eg rekner med at mønsteret blir ferdig til onsdag, og er klart for utsending da.

tirsdag 3. april 2012

Sommarfugl i vinterland

I går såg eg på rabarbraen og lurte på om eg kanskje kunne høsta litt til påsken.
I dag våkna eg opp til - 7,6 grader og frossent vatn.

Synst derfor det passa fint med dette bildet sammen med ei helsing til alle med ønske om ei riktig god påske!

onsdag 21. mars 2012

Påske-inspirasjon

Kvar påske er det basar på det gamle skulehuset vårt.
I år blir det nok ein del påskeegg som gevinstar, for eg har sydd ;)

Her er et par bilder til inspirasjon..


lørdag 3. mars 2012

Nytt mønster - "Påskeegg"

Då har eg fått ut dei første bestillingane like før helga og nye forsyninger
sendes mandag :)

søndag 26. februar 2012

Påskeegg

Det nærmer seg påske, og denne veka kjem det nytt mønster med påskeegg som tema.

Her er ein liten sniktitt :-)

tirsdag 10. januar 2012

Godt nytt år!
Me har allerede kome et godt stykke inn i det nye året, som eg håper blir et riktig godt et,
-for alle mine kunder, følgere, og deg som stikk innom i ny og ne.

Eg har skifta ut symaskininen med sag og hammer nåken veker, no. Måtte flytta på ein vegg, slik at eg får litt meir orden i sysakene  mine ( både bokstavelig og meir overført betydning... :) og et nytt og større syrom er snart klart til bruk. Gler meg til å få utfolda meg der!

Før symaskinen fekk juleferie, rakk eg å lage presang til ei venninne som ønskte seg veske med "silhuett-strå" på, og med plass/fasong til ein telefonkatalog. Har ikkje mønster, men slik blei den.





lørdag 24. desember 2011

Ønsker alle ei riktig god jul!

onsdag 30. november 2011

mandag 28. november 2011

Variant av mønsteret "Varm pause"

Eg har pynta grytevotten fra mønsteret 
med ei dampande gryte.

Mønsteret til dette broderiet 
finn du under gratismønster.

tirsdag 22. november 2011

Silhuett

Eg har fått lov å legga ut bilde av denne skjønne utgåva av "Silhuett", som Aud har sydd :)
(Fotografen har slurva litt med fokus..)

søndag 6. november 2011

Nytt mønster november 2011 - "Varm pause"


Mange alternative modeller og motiver å velge mellom i samme mønster.
Eg har hatt problem med trykkingen, så det har tatt litt tid å få mønsteret sendt ut i butikkene,
men no er det endelig klart :)

søndag 9. oktober 2011

Jule-Hybrid

Eg klarer sjeldan holda meg heilt til et mønster
- ikkje ein gong mine egne - her har eg blanda to mønster
og brukt grunnmønsteret frå "Silhuett" og
applikasjonen frå "Adventslys"